Beliggenhet: Hellestranda 62, Holmedal
Prisantydning: 2 750 000,-
Omkostninger: 8 500 ,-
Totalpris: 2 758 500,-
Soverom: 2
Tomteareal: 1200 m²
Eiendomstype: Hytte
Navn: Pål Anders Kårstad
Agenttittel: Hyttekonsulent
E-post: pak@blaneas.no
Telefon: +47 99 23 38 55
Hytteprosjekt på Hellestranda 62 – stor tomt med eigen strandlinje
Sjeldan anledning - prosjektert hytte på ei stor tomt på heile 1,2 mål, med si eiga strandlinje mot Dalsfjorden - sørvendt.
Tomta ligg fint til med gode solforhold, rolege omgjevnader og flott utsikt over fjorden. Her kan du nyte late dagar ved sjøen, ta deg ein dukkert frå eiga strand, eller leggje ut på båttur når veret lokkar.
Hellestranda er eit område som gir ei god blanding av fred og nærleik til naturen, samtidig som du har kort veg til butikkar, aktivitetar og annan service i nærområdet.
Dette er ei sjeldan tomt der du kan skape din eigen hytteplass – ein stad for kvardagsflukt, samvær og gode minner.
Velkomen til Hellestranda 62 – ein stad å trivast.
Prisen på 2 750 000,- er inkl. tomt, grunnarbeid og betong.
Det som kjem i tillegg er kostnader til byggesøknad, kostnader til kontrakt og oppgjer av tomta, då den vert skjøtt direkte frå dagens eiga til hyttekjøpar vi inngåelse av avtale. Byggesøknad og oppgjerskostnader er estimert til ca. 60 000,- (inkl.mva). Vidare er ein avhengig av godkjent byggesøknad/rammeløyve (kommunal godkjenning) for å få bygge på tomta.
Blåne AS har starta søknadsprosess med hyttevarianten Original 2, som er litt større enn den som er annonsert. Origianal 2 har 3 soverom og er 71 kvm.
Stor sjølveigartomt på 1 201 kvm.
Å kjøpe ei prosjektert hytte gjennom Blåne Hytter er eit trygt, forutsigbart og smart val for deg som ønskjer å realisere hyttedraumen – utan overraskingar og usikkerheit undervegs.
Når du kjøper hytte hos oss, får du ein fast pris frå starten av. Du slepp dermed risikoen knytt til uforutsette kostnader og timebetaling til ulike handverkarar – noko som ofte gjer private byggeprosjekt både dyrare og meir tidkrevjande enn planlagt. Med Blåne får du ein totalpakke der alt er avklart på førehand – frå grunnarbeid til nøkkelferdig hytte.
Blåne AS har i tillegg lang erfaring og solid bransjekunnskap. Vi har bygd hytter over heile landet, og vi veit kva som skal til for å levere kvalitet – både når det gjeld materialval, løysingar og utføring. Me jobbar tett med dyktige fagfolk og leverandørar, og me hjelper deg gjennom heile prosessen – frå draum til ferdig hytte.
Med ei ny hytte får du også:
Lågare vedlikehald dei første åra
Moderne løysingar og energivennlege alternativ
Høg komfort og tilpassing etter dine behov
Tryggleik med nybygggaranti og profesjonell oppfølging
Gjer eit smart val – vel ei ny hytte frå Blåne!
Vi har i denne annonsa vald hyttemodell Original 1, som er ei innhaldsrik hytte til ein rimeleg pris. Du kan velje større modell Original 2, 3, 4 eller 5. Blåne AS har og 6 andre hyttemodellar å velje i mellom (www.blaneas.no)
Hytta Original 1 som går over ett plan, inneheld:
Hytta vert levert med normal ny hyttestandard. Kjøpar kan gjere tilval etter eige ynskje.
Slik hytta er prisa no er innvedige kvalitetar som følgjer:
1-stavs laminat på alle tørre golv. På golv i entrè er det varmekabler og flis på golv. Det er behandla panel og listverk på vegget og i himling. Kjøkken vert levert utan kvitevarer, men kan inngå som eit tilval.
Våtrom (bad/vaskerom) vert levert med fliser på golv, sokkelflis, samt flis i dusjhjørne på bad. Det vert og levert komplett baderomsinnredning på bad.
Det er varmekablar på bad og i entrè. Hytta vert i tillegg levert med vedom i stove.
Modellen/3D rendering kan innehalde illustrasjonar som ikkje inngår i leveransen. Arelaer kan ha avvik frå teikninga.
Hellestranda 62, Holmedal
Informasjon
Våre Salgssteder