Beliggenhet: Hodlekvevegen 187, Sogndal
Prisantydning: 4 900 000,-
Omkostninger: 37 250 ,-
Totalpris: 4 937 250,-
Bruksareal: 75 m²
Soverom: 3
Bruksareal: Eier (Selveier) m²
Tomteareal: 650 m²
Eiendomstype: Hytte
Navn: Pål Anders Kårstad
Agenttittel: Hyttekonsulent
E-post: pak@blaneas.no
Telefon: +47 99 23 38 55
Ny, moderne hytte til sals ved populære Hodlekve skisenter i Sogndalsdalen – perfekt for deg som ønskjer både ski- og naturopplevingar året rundt. Her bur du bokstaveleg talt med skiheisen som næraste nabo og spektakulær utsikt rett frå stoveglaset. Hytta blir levert med høg standard og gjennomtenkt planløysing, store vindauge og lun atmosfære. Då hytta er prosjektert får du sjølv moglegheit til å påverke både innvendige og utvendige løysingar – slik at du kan sette ditt personlege preg på di eiga hytte frå start.
Om vinteren byr området på ski inn/ski ut direkte frå hyttedøra, med kort veg til både heisar, langrennsløyper og toppturar. Om sommaren finn du eit rikt nettverk av turstiar, sykkelruter og fiskevatn rett i nærområdet. I tillegg sykkelløype/pumptrack ved Dalaloven kor det og er opne kafè heile året. Med kort avstand til både Jostedalsbreen, Sognefjorden og nasjonalparkar som Jotunheimen, er dette eit ideelt utgangspunkt for naturopplevingar i verdsklasse – heile året.
Hytta vil bli oppført i eit etablert hyttefelt med heilårstilkomst via bilveg, og det er berre 15 min køyring til Sogndal sentrum med butikkar, kafear og flyplass. Enten du ser etter ei familiehytte, eit fristed eller ein solid investeringsmoglegheit, gir dette prosjektet deg fleksibiliteten til å forme ei hytte tilpassa dine behov.
Hodlekve er eitt av Vestlandets mest attraktive friluftsområde. Dette er ei sjeldan mogelegheit til å sikre deg ei ny hytte i ein region der naturopplevingar og verdiauke går hand i hand.
Ei investering i livskvalitet – realiser hyttedraumen din her!
I Hodlekvevegen 187 har vi vald hytta Horisont 2 som vi meinar passar fint inn på denne tomta. Dette er ein hyttemodell på éi flate med store og mange vindauge i front, som gjer at du får god utsikt mot sør og nedover Sogndalsdalen. Modellen har stove og kjøkken plassert i front, noko som gjer at denne hytta er svært godt eigna for utsiktstomter i skrånande terreng. Soverom, bad, entré, bod og wc/vask er plasserte på baksida av hytta. Hytta har eit kombirom som kan brukast som tv-stove eller ekstra soverom. Det er i utgangspunkt flat himling, men vi kan levere mønt himling over stue/kjøkken som tilvalg.
Blåne Hytter kan tilby hytter i ulike storleikar, gjerne skreddarsydde etter kunden sine behov og ønskje. Vi byggjer hytter med god kvalitet og utføring, med eit eksklusivt uttrykk. Som kunde bestemmer du fargeval, innreiing, kjøkken m.m. i samarbeid med oss og våre leverandørar. Vi har mellom anna samarbeid med Bohus, der kundane våre får nyte godt av våre rabattar og få profesjonell hjelp frå interiørkonsulent.
Vi leverer alt frå reist og lukka råbygg til heilt ferdige totalprosjekt – det er du som kunde som vel løysing.
Sjå www.blaneas.no for oversikt over våre hytter.
Sjølveigartomt på 650 kvm.
Det er pliktig medlemskap i Hodlekve veglag, taktsone 1 (5000,- per år). Dette går til å dekke brøyting og vedlikehald av felles privat veg.
I tillegg er kvar tomt/hytteeigar pliktig å kjøpe 2 årskort per år.
På denne tomta kan du i tillegg føre opp garasje og anneks.
Å kjøpe ei prosjektert hytte gjennom Blåne Hytter er eit trygt, forutsigbart og smart val for deg som ønskjer å realisere hyttedraumen – utan overraskingar og usikkerheit undervegs.
Når du kjøper hytte hos oss, får du ein fast pris frå starten av. Du slepp dermed risikoen knytt til uforutsette kostnader og timebetaling til ulike handverkarar – noko som ofte gjer private byggeprosjekt både dyrare og meir tidkrevjande enn planlagt. Med Blåne får du ein totalpakke der alt er avklart på førehand – frå grunnarbeid til nøkkelferdig hytte.
Blåne AS har i tillegg lang erfaring og solid bransjekunnskap. Vi har bygd hytter over heile landet, og vi veit kva som skal til for å levere kvalitet – både når det gjeld materialval, løysingar og utføring. Me jobbar tett med dyktige fagfolk og leverandørar, og me hjelper deg gjennom heile prosessen – frå draum til ferdig hytte.
Med ei ny hytte får du også:
Lågare vedlikehald dei første åra
Moderne løysingar og energivennlege alternativ
Høg komfort og tilpassing etter dine behov
Tryggleik med nybygggaranti og profesjonell oppfølging
Gjer eit smart val – vel ei ny hytte frå Blåne!
Hytta som går over ett plan, inneheld:
Hytta vert levert med normal ny hyttestandard. Kjøpar kan gjere tilval etter eige ynskje.
Slik hytta er prisa no er innvedige kvalitetar som følgjer:
1-stavs laminat på alle tørre golv. På golv i entrè er det varmekabler og flis på golv. Det er behandla panel og listverk på vegget og i himling. Kjøkken leveres utan kvitevarer, men kan inngå som eit tilval.
Våtrom (bad og vaskerom/wc) vert levert med fliser på golv, sokkelflis, samt flis i dusjhjørne på bad. Det vert og levert komplett baderomsinnredning på bad og vask toalett på wc.
Det er varmekablar på bad, vaskerom og entrè. Hytta vert i tillegg levert med vedom i stove.
Modellen/3D rendering kan innehalde illustrasjonar som ikkje inngår i leveransen. Arelaer kan ha avvik frå teikninga.
Hodlekvevegen 187, Sogndal
Informasjon
Våre Salgssteder